Er ikkje ei linje, men eit omgrep skulen brukar for å fortelje at dei er ein skule der alle skal vere ønska og velkomne, også om ein treng tilpassingar for å fungere bra.
Elevar med spesielle behov er velkomne til å søke på Sunnfjord Folkehøgskule.
Dette kan vere ulike typer utvklingshemming, rørslehemming eller anna funksjonshemming, eller det kan vere andre tilpasningsbehov, som til dømes at du har omsorg for eit lite barn.
Du søker direkte på den linja du søker på.
Pass på å lese det som står nede på linjesida om Tilpassing eller Tilrettelegging, og ta kontakt med e-post så snart du veit at det er noko som kanskje bør tilpassast eller om du er usikker på det.
Skulen har ikkje tradisjonelle butreningstilbod eller andre klasser for elevar med spesielle behov, slik ein del andre folkehøgskular har.
I staden ønskjer dei i størst mogleg grad at elevar med ulike funksjonsevner er saman om det meste.
Grunntanken er at også elevar med tilpasningsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardagetter kva dei synes er meiningsfullt å vere med på.
Difor er målet at dei skal så langt det let seg gjere vere med på ei av dei eksistarende linjene til skulen.
Det er avgrensingar for kva linjer elevar med tilpasningsbehov kan vere med på, det kan vere ulikt etter kva type utviklingshemming det gjeld.