Skip to main content

Kvam vgs.

 

Informasjon om bygging av nye Kvam VGS - Nettsider for Kvam herad

 

Tilrettelagt opplæring

  • Kvam videregående tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det.
  • Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre.
  • Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

 

Arbeidstrening (HTA) og Kvardagsliv (HTH)

  • Skulen tilbyr arbeidstrening der dei legg særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt eller ordinært arbeid etter vidaregåande skule.
  • Skulen tilbyr også kvardagslivstrening der det vert lagt særleg vekt på opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.
  • Kvar elev i desse gruppene har ulike behov og vil få undervisning tilpassa dette.
  • Opplæringa er knytt til eit av skulen sine opplæringsprogram.
  • Nokre elevar kan med støtte delta i ordinær klasseundervisning i enkelte fag.
  • Arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass vert vurdert etter behov og nytte.

 

  • Om du ønsker å gå i ordinær klasse, men treng litt ekstra tilrettelegging for å meistra faga, eller du er føresett for ein elev som treng mykje tilrettelegging, er du velkommen til å ta kontakt med skulen. Saman kan dykk planleggja kva som kan vera ei god løysing.

 

Les mer om skolen her